Flickr Facebook instagram-ico

Change language:

Festivalpakke

Helgepass, festival middag laurdag, overnatting fredag – sundag : Pris pr person frå kr. 3290,-

Tillegg for enkeltrom.

Billetter til enkeltfremsyningar og festivalpass kan kjøpast på www.nynorskelitteraturdagar.no

Gå til bestilling

 

 

Om årets festival

Nynorske litteraturdagar er ein liten og intim litteraturfestival, fullspekka med kjende og ukjende aktørar. Litteratur, språk, musikk, kunst og humor utgjer eit årleg kulturarrangement som me er svært stolte av å vera vertskap for.

Nynorske litteraturdagar vil i år by dykk ein rikhaldig meny av livstrådar. Nokre er sprelske og lystige, andre meir melankolske. Somme vil reflektere over livsløp som fekk nokre knutar eller vart farleg tynnslitne ei stund. Alle vil gje dykk som publikum eit bit av sin eigen livsvev – akkurat so langt som tråden har nådd til no.

Fredagskvelden byr på bokbad med Therese Tungen, konsertar med Kai Martin Brekke og Jon Solberg før Finn Tokvam &gjester avsluttar i kjent stil!

Ragnhild Kolden, Siri Økland og Rune Timberlid er nokre av forfattarane me får møte laurdag, medan borna har eige miniprogram!Laurdagen held fram med ”Poesitoget”- Flåmsbana opp til Vatnahalsen, der konsert med Karl Seglem ventar. Tom Roger Aadland ”Bob Dylan på nynorsk” og ”Månevenn” skal glede oss resten av kvelden på festivalhotellet! Søndagen byr på nye møte med Eva Røyrane. Dette og mykje meir kan du få vere med på!

Mørke haustkveldar gjev ei spesiell stemning. Tradisjonsrike Fretheim Hotel i Flåm er festivalhotell, og hotellet sine flotte og særeigne lokale bidreg til ei fin ramme kring arrangementet.

Me vonar du som publikum får gode opplevingar hjå oss, og at me kan leva opp til slagorda våre: Folkeleg-Raus-Levande.

Fullt program finn du på www.nynorskelitteraturdagar.no

Nettstedskart