Flickr Facebook instagram-ico

Change language:

  • Restaurant ansatte fra Fretheim Hotel
  • Mat og begivenheter
  • Spisested - Røde møbler
  • Spisested - Møbler
  • Mat og begivenheter

CCowboys2020 16x9

C Cowboys kjem til Fretheim Hotel 30. mai 2020! 


Eit av landets mest historiske band feirar 30 år i 2020. Dette gjer dei med ny musikk, og attpåtil sin største turné noensinne. 

«Vi gir oss aldri. Vi er CC Cowboys!»
CC Cowboys har sidan starten vore ei oppvising i uthald, kontinuitet, arbeidsvilje og speleglede. Mottoet til bandet har vore: «Bi ved din lest, enten du er skomaker eller spiller i band. Vær tålmodig, vær arbeidsom. Vær trofast mot deg sjølv og ditt publikum». Deira første album, Blodsbrødre, selde 90 000 eksemplar, og singelen selde 20 000 sjølv. Den vart samtidig ein landeplage og er ein låt enormt mange framleis har eit sterkt forhold til.

Bandet hadde eit opphald mellom 1998 til 2001, men kom då tilbake med ny besetning beståande med dei då ferske medlemmane Jørn Christensen og Per Vestaby. Med nye lagkameratar, fortsette Magnus Grønneberg og Agne Sæther å byggje opp CC Cowboys til å verta eit av Norges mest populære og hardtarbeidande band. Som i dag kan sjå tilbake på ein katalog beståande av 11 studioalbum, i tillegg til eit par livealbum og samlealbum.

Tilbake etter kvileår
Etter å ha turnert utan å ha tatt ein pust i bakken i over 15 år, vart 2019 eit velfortent kvileår for bandet. Eit år som vart brukt til å stoppe opp og ta innover seg kvar dei har vore, kva dei har gjort, få kvarandre litt på avstand og jobbe med nye idéar.

No er dei tilbake for å feire både seg sjølv og sitt virke, og fansen som har vore med på ferda deira så langt. Det vert gjort med ein stor boks med alle studioalbum, samt eit livealbum frå studioet deira i Halden, som vil sjå dagens lys denne våren.

Feiring med turné og album
Saman med livemedlemmene Kyrre Fritzner og Eirik Tovsrud Knutsen, er dessutan nærare 50 (!) konsertar sett opp rundt om i landet i år. Kvar kveld kjem til å bli intet mindre enn magisk, og meir skal det bli i dette jubileumsåret. Hausten 2020 kjem nemleg det 12. studioalbumet frå bandet, og allereie i mars får du høyre den første smakebiten frå det. Med andre ord blir dette året ein einaste stor fest for CC Cowboys, og gutta er meir enn klare for dei heile.

Praktisk informasjon:

Kl. 18.30: Portane opnar
Kl. 19.00: Musikk ved Kai Martin Brekke Band og CC Cowboys

Sal av mat og drikke i hagen.
Ta gjerne med sitteunderlag.

Bestilling

Konsertpakke inkluderar konsert, overnatting, middag og frukost. 

 

Nettstedskart