Flickr Facebook instagram-ico

Change language:

  • Restaurant ansatte fra Fretheim Hotel
  • Mat og begivenheter
  • Spisested - Røde møbler
  • Spisested - Møbler
  • Mat og begivenheter

Heile tre flotte damer kjem for å underhalde deg på Fretheim Hotel den 17.03. Saman byr dei på ein variert, innhaldsrik og morosam kveld. Me rammar inn kvelden ved å servere enkel fingermat og boblar i glaset. Ein ypparleg aftan å invitere venninnegjengen med på, og samstundes få trena lattermusklane!

Stand up show, fingarmat og ett glass bobler pr person kr 595,-

For billetter til show ring tlf. 57 63 63 00 eller send epost til:  Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Overnatting, show, ett glass bobler og fingermat pr person kr 1 145,-

Bestill pakke med overnatting

 

Billettar må hentast innen ein uke før arrangementet.

 

Stand-up komikar Sofie Frøysaa har turnert med soloshowet «Ambisiøs og deprimert», som handlar om å vakse opp i Bibelbeltet med to mødre, når ein har Tourettes syndrom. Til våren gjev ho ut bok med Ulrikke Falch.

Tonje Holm Sandnes har i heile haust vert programleiar i «Lørdagssalongen med Tonje» på Storm Bar, der ho har intervjua kjente og interessante personlegheitar. I tillegg til dette har ho sidan 2016 produsert humorinnslag for NRK Satiriks saman med Thomas Teige.

Sandra Spjelkavik er standup-komikar, og vert omtala som open, ærleg og usminka på scenen. Ho har også lang erfaring frå revyscenen. Saman med Tonje Holm Sandens utgjer dei ein humorduo som har gjort stor suksess i Bergen med fleire førestillingar på Ole Bull Scene. Den siste førestillinga «helt i tiden» vart nominert til to komiprisar i 2017: Årets sceneførestilling og Årets gjennombrot.

 

Nettstedskart